Forum: Åpent forum

KRIK Husnes på Action

God stemning i møteteltet

Denne veka er 19 deltakarar og to leiarar frå Kvinnherad i Bø i Telemark der me deltek på KRIK (Kristen idrettskontakt) sin sommarfestival ACTION. Her er me saman med meir enn 700 deltakarar og ca 260 leiarar.

Deltakarane har i forkant meldt seg på éin av tretti ulike aktivitetar som dei får instruksjon i over tre dagar. Våre ungdommar har m.a. meldt seg på sandvolleyball, rollerblades, basketball, akrobatikk, klatring og baseball. Det var mange svært nøgde ansikt å sjå då dei kom tilbake frå aktivitetane i går!

Då var det til å hive inn på litt middag før turen gjekk bort til Sommarland (badeland). Bø camping som me bur på ligg berre ca 500 m frå det populære badelandet, og deltakarane har fri inngang her tre dagar inkludert i den prisen dei betaler for leiren.

Inne på campingområdet er det sett opp eit digert sirkustelt/møtetelt der det er møte morgon og kveld. Deltakarane gir svært gode tilbakemeldingar på møtene og. Her er eige husband og forsongarar som leder oss gjennom flotte allsongar. Kvart møte begynner med bilete og video på storskjerm frå dagen som har vore. Elles vert kvart møte krydra med diverse humorinnslag, og talarane som snakkar om ulike tema som har med kristendommen og det å vera eit menneske å gjera, snakker på ein veldig forståelig og fengande måte.

Nett no er gjengen i badeland. Me vil legge ut nokre bilete i fotoalbumet “Action 2009” etterkvart, så kan de få eit lite inntrykk av korleis me har det.

Helsar masse til dåke der heime frå alle oss her borte!
God sommar vidare!

GEORDIE - Oh Lord

Prøver med en musikkvideo her Nattcafe-sona … hope you like it :-) Trykk her for å spille video

16. mai 2009

16 mai på Husnes bedehus 2

Eit 50-tals ungdommar tok turen oppom bedehuset på Husnes om kvelden 16. mai. Her kunne dei vera med på fleire ulike aktivitetar; Det var pilkast på ballongar, spiker nedi på færrast mulig slag og kor mange nonstop er det i glaset? Elles var det ein del som prøvde seg på kubbaspelet som me laga ein bane til på P-plassen. Inne kunne ein spele bilspel på storskjerm (Playstation med to Playseat) eller Nintendo WII.

Ute hadde me rigga til med eit “kiosk-telt” der ein kunne få kjøpa seg grillmat, brus, sjokolade, is, snop ++. I det flotte været var det flott å sitte ute og ete og prate ilag.

Mot slutten av kvelden hadde me ei samling inne i møtesalen. Her song me først saman All because of you. Deretter hadde Camilla Myklebust ein mini-konsert for oss. Ho skriv mange songar sjølv, og det var avslappande og godt å sitte og høyre på ho. Innimellom songane sa ho litt om songane og leste litt frå Bibelen. Heilt til slutt var det premieutdeling før me byrja å runde av det heile.

Takk for ein flott kveld til alle dåke som møtte opp! Og tusen takk til alle dåke som var med og hjalp til slik at me kan ha denne “kvelden-før-dagen-samlinga”!

Neste KRIK og Nattcafé vert fredag 29. mai. Då er det sommaravslutning og me får besøk av ungdommane frå Os som var på besøk like før påske. Det gler me oss veldig til!

16. mai-arrangement for ungdom

16. mai-arrangement for ungdom

Aktivitetar og grilling på Husnes bedehus
Nattcaféen på Husnes bedehus om fredagskveldane har dei siste åra samla bra med folk. Kvar fredag (så å seie) kan ein koma saman til KRIK-samling i gymsalen, for deretter å ta turen opp på bedehuset for å få med seg café, biljard, bordtennis, ein god prat, andakt og song.

No er det 16. mai som står for tur, og Husnes IUF inviterer nok ein gong til rusfritt arrangement for ungdom frå 8. klasse og oppover. Dette tradisjonelle ”kvelden-før-dagen”-arrangementet var tidlegare i kyrkja på Valen, men dei siste åra har me halde til på Husnes bedehus.

Kvelden startar med ein del artige aktivitetar utandørs; Klarar du å velta kubbane til laget på andre sida i kubbaspelet? Klarar du å treffe ballongen med pila, slik at du finn ut om du har vunne twist? Kven brukar færrast slag på å få spikeren ned i planken? Kor mange Nonstop er det i glaset? Dette, og mykje meir, får du svar på dersom du tek turen til Husnes bedehus kl 20.00 16. mai. Inne kan du m.a. spela bilspel på Playstation. Expert Husnes gjorde det for nokre år sidan mogleg for oss å skaffe to sett med Playseat, ratt og pedalar, slik at to stykk kan konkurrera mot kvarandre. Dette er kjempe-artig! Du kan og prøva deg på biljard, bordtennis eller Nintendo WII på storskjerm.

Etter ei stund med heseblesande og forhåpentlegvis morsomme aktivitetar, er grillmeistrane klare med kotelettar, pølser og hamburgerar som dei legg ut for salg. Salat, brus og sjokolade står og på menyen. Under matøkta har me god tid til å prata med kvarandre.

Utpå kvelden dreg me i gong ein program-del innomhus, der det m.a. vert andakt, song og premieutdeling.

Dette skal bli ein feiande flott kveld! Går du i 8. klasse, eller er eldre, er det berre å ta med seg nokre tiarar til mat og aktivitetar, møt opp og bli med denne kvelden-før-dagen på Husnes bedehus!

Her kan du sjå bilete fra tidlegare år:
2007 - 2008

oooooooooooooooooooooooooooooooooooooo

Bli med KRIK Husnes på ACTION!

ACTION 2009

ACTION er ei veke i total livsutfalding i Bø i Telemark; Sommarland, idrett, Bibel og 1 000 andre ungdomar gjer dette til sommarens høgdepunkt for 22. år på rad… ACTION går i år av stabelen 22.-26. juni, under mottoet “Høyt og lavt”. I informasjonen frå KRIK heiter det m.a.: “Vi ønsker å formidle ærlig at livet har oppturer og nedturer. Selv som kristen… Og et liv med Gud handler om at Gud er med! På oppturene så vel som nedturene.”

På Action skal ungdomar i alderen 14-17 år herje frå seg med Jesus som midtpunkt kvar dag i ei lita veke. Høyres dette interessant ut? Ta turen innom www.kyrkja-kvinnherad.no for meir informasjon. Der kan du og sjå ein del bilete frå tidlegare år. Påmeldinga foregår på krik.no

Bø Sommarland

Nattcafé 3. april 2009

080403 b 8

På Nattcaféen på Husnes bedehus har me av og til folk på besøk som deltek med t.d. song, andakt, leikar o.l. Fredagen like før påske hadde me besøk av eit team med 10 ungdommar frå Os. Dette vart ein nokså spesiell og veldig flott kveld. Denne kvelden fekk mange av oss som var der oppleve at Jesus ikkje berre er ein død teori, men ein levande person som ønsker fellesskap med oss i dag! Fleire ungdommar gjekk til forbønn og fekk prate og be ilag med nokon av dei som var på besøk. Nokon opplevde faktisk at dei vart friske frå ting som plaga dei. Nokon opplevde at dei fekk hjelp til å tilgi urett som var gjort mot dei tidlegare. Nokre fekk legge frå seg noko som var tungt og vanskeleg.

Gjennom Nattcaféen er det nettopp ein levande Jesus me ynskjer å formidla. I påsken har me jo nett feira, ikkje berre at Jesus dø, men at han stod opp igjen – og lever idag! Jesus ynskjer å møte kvar enkelt av oss idag, med sin tilgivelse og kjærlighet. Han ynskjer å hjelpa oss til å leva eit godt liv, med oss sjølv, og overfor dei me har rundt oss i kvardagen.

Det er spennande og flott å vera saman med ungdommane på Nattcaféen. Ekstra flott var det å oppleva ein kveld der me saman fekk gå nokre steg ilag med Jesus.

Fleire av ungdommane har sett veldig pris på det, når eg har fortalt at teamet frå Os kjem og vert med oss på sommaravslutninga fredag 29. mai.

Nedanfor kan du sjå nokre bilete frå samlinga, der m.a. nokre av ungdommane på Nattcaféen var med på eit lite dramastykke.

080403 b 10

080403 b 7

080403 b 9

KRIK 3. april 2009

080403 b 3

Fredag 3. april var me nokså mange samla på KRIK i gymsalen ved Undarheim skule. Etter nokre knallkjekke oppvarmingsaktivitetar og stafettar spelte me ein del volleyball. Dette var noko som gav meirsmak for oss som var der.

Annonse