Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kvardag (onsdag 24. juni 2009). Les mer om roperten…

KRIK Husnes på Action

God stemning i møteteltet

Denne veka er 19 deltakarar og to leiarar frå Kvinnherad i Bø i Telemark der me deltek på KRIK (Kristen idrettskontakt) sin sommarfestival ACTION. Her er me saman med meir enn 700 deltakarar og ca 260 leiarar.

Deltakarane har i forkant meldt seg på éin av tretti ulike aktivitetar som dei får instruksjon i over tre dagar. Våre ungdommar har m.a. meldt seg på sandvolleyball, rollerblades, basketball, akrobatikk, klatring og baseball. Det var mange svært nøgde ansikt å sjå då dei kom tilbake frå aktivitetane i går!

Då var det til å hive inn på litt middag før turen gjekk bort til Sommarland (badeland). Bø camping som me bur på ligg berre ca 500 m frå det populære badelandet, og deltakarane har fri inngang her tre dagar inkludert i den prisen dei betaler for leiren.

Inne på campingområdet er det sett opp eit digert sirkustelt/møtetelt der det er møte morgon og kveld. Deltakarane gir svært gode tilbakemeldingar på møtene og. Her er eige husband og forsongarar som leder oss gjennom flotte allsongar. Kvart møte begynner med bilete og video på storskjerm frå dagen som har vore. Elles vert kvart møte krydra med diverse humorinnslag, og talarane som snakkar om ulike tema som har med kristendommen og det å vera eit menneske å gjera, snakker på ein veldig forståelig og fengande måte.

Nett no er gjengen i badeland. Me vil legge ut nokre bilete i fotoalbumet “Action 2009” etterkvart, så kan de få eit lite inntrykk av korleis me har det.

Helsar masse til dåke der heime frå alle oss her borte!
God sommar vidare!

Vist 1247 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder