Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kvardag (mandag 4. mai 2009). Les mer om roperten…

16. mai-arrangement for ungdom

16. mai-arrangement for ungdom

Aktivitetar og grilling på Husnes bedehus
Nattcaféen på Husnes bedehus om fredagskveldane har dei siste åra samla bra med folk. Kvar fredag (så å seie) kan ein koma saman til KRIK-samling i gymsalen, for deretter å ta turen opp på bedehuset for å få med seg café, biljard, bordtennis, ein god prat, andakt og song.

No er det 16. mai som står for tur, og Husnes IUF inviterer nok ein gong til rusfritt arrangement for ungdom frå 8. klasse og oppover. Dette tradisjonelle ”kvelden-før-dagen”-arrangementet var tidlegare i kyrkja på Valen, men dei siste åra har me halde til på Husnes bedehus.

Kvelden startar med ein del artige aktivitetar utandørs; Klarar du å velta kubbane til laget på andre sida i kubbaspelet? Klarar du å treffe ballongen med pila, slik at du finn ut om du har vunne twist? Kven brukar færrast slag på å få spikeren ned i planken? Kor mange Nonstop er det i glaset? Dette, og mykje meir, får du svar på dersom du tek turen til Husnes bedehus kl 20.00 16. mai. Inne kan du m.a. spela bilspel på Playstation. Expert Husnes gjorde det for nokre år sidan mogleg for oss å skaffe to sett med Playseat, ratt og pedalar, slik at to stykk kan konkurrera mot kvarandre. Dette er kjempe-artig! Du kan og prøva deg på biljard, bordtennis eller Nintendo WII på storskjerm.

Etter ei stund med heseblesande og forhåpentlegvis morsomme aktivitetar, er grillmeistrane klare med kotelettar, pølser og hamburgerar som dei legg ut for salg. Salat, brus og sjokolade står og på menyen. Under matøkta har me god tid til å prata med kvarandre.

Utpå kvelden dreg me i gong ein program-del innomhus, der det m.a. vert andakt, song og premieutdeling.

Dette skal bli ein feiande flott kveld! Går du i 8. klasse, eller er eldre, er det berre å ta med seg nokre tiarar til mat og aktivitetar, møt opp og bli med denne kvelden-før-dagen på Husnes bedehus!

Her kan du sjå bilete fra tidlegare år:
2007 - 2008

oooooooooooooooooooooooooooooooooooooo

Vist 110 ganger. Følges av 2 personer.

Kommentarer

Dette er eit kjempeflott tiltak retta mot yngre ungdom! Det er imponerande at Jan Ove med fleire vil bruke så mykje tid på ungdommane våre!

Annonse

Nye bilder