| Linker til ▬► [ HUSNES BEDEHUS ] [ Speiderene ] [ SVUSH ] [ Søndagskulen ] [ Husnes Indremisjonen ] [ Barnehagen ][ Babysong ] [ Indremisjonsamskipnaden ] Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Kvardag (torsdag 30. april 2009). Les mer om roperten… Nattcafé 3. april 2009På Nattcaféen på Husnes bedehus har me av og til folk på besøk som deltek med t.d. song, andakt, leikar o.l. Fredagen like før påske hadde me besøk av eit team med 10 ungdommar frå Os. Dette vart ein nokså spesiell og veldig flott kveld. Denne kvelden fekk mange av oss som var der oppleve at Jesus ikkje berre er ein død teori, men ein levande person som ønsker fellesskap med oss i dag! Fleire ungdommar gjekk til forbønn og fekk prate og be ilag med nokon av dei som var på besøk. Nokon opplevde faktisk at dei vart friske frå ting som plaga dei. Nokon opplevde at dei fekk hjelp til å tilgi urett som var gjort mot dei tidlegare. Nokre fekk legge frå seg noko som var tungt og vanskeleg. Gjennom Nattcaféen er det nettopp ein levande Jesus me ynskjer å formidla. I påsken har me jo nett feira, ikkje berre at Jesus dø, men at han stod opp igjen – og lever idag! Jesus ynskjer å møte kvar enkelt av oss idag, med sin tilgivelse og kjærlighet. Han ynskjer å hjelpa oss til å leva eit godt liv, med oss sjølv, og overfor dei me har rundt oss i kvardagen. Det er spennande og flott å vera saman med ungdommane på Nattcaféen. Ekstra flott var det å oppleva ein kveld der me saman fekk gå nokre steg ilag med Jesus. Fleire av ungdommane har sett veldig pris på det, når eg har fortalt at teamet frå Os kjem og vert med oss på sommaravslutninga fredag 29. mai. Nedanfor kan du sjå nokre bilete frå samlinga, der m.a. nokre av ungdommane på Nattcaféen var med på eit lite dramastykke.
Vist 132 ganger. Følges av 1 person. | ||